
| 18.07.2005 | 2005: Styremøte på Misjen 24.01 | av
Øyvind Vagle |
| Referat frå styremøte i Varhaug Kristelige Ungdomslag. |
24.01.05
Stad: Varhaug misjonshus
Møtte: Magnus, Olufine, Bjørn Emil, Oddmund, Marie, Karl , Tone Iren
Møtte ikkje: Runar
Sakliste:
Sak 06-05 Gjennomgang og godkjenning av referat - Referatet vart godkjent med eit par forandringer.
Sak 07-05 Innføring i bruk av prosjektoren Utsatt inntil videre.
Sak 08-05 Forslag til valg Alle skreiv opp fire forslag til kven som kan stilla til valg til styret i ungdomslaget. I tillegg skreiv alle opp to forslag til kven som kan stilla til valg som formann.
Sak 09-05 Direkte tilbakemelding Alle som var til stades på styremøtet var med å gav tilbakemelding til kvarandre.
Sak 10-05 Diverse - Det har vore litt misforståelser med tanke på økonomien til kurset, ”som hånd i hanske”, som skal arrangerast. Dei andre organisasjonane har ikkje råd til å vera med å betale. Ungdomslaget bestemmer seg derfor for å ta heile økonomien, både inntekter og utgifter. Me skal søke om støtte hjå kommunen og i tillegg skal me sette fram ei korg under kurset og oppfordre folk til å støtte oss.
- Bryllup og kretsungdomsstevne i april bytter dato, slik at bryllupet vert 23.april og kretsungdomsstevne vert 16.april. - Det vert ikkje Bildøy kveld 5.februar - Kretsungdomsstevne til Normisjonen 5.mars skal eigentleg vera på Fotland, men me vurderer å tilby oss å ha det på Varhaug, sidan det ser ut til å vera det mest praktiske. - Regaze vert fredag 29.april. Me tek ansvar for Cafèen. I tillegg foreslår me at me kan ta oss av økonomien.
Neste styremøte vert hjå Tone Iren, mandag 07.02.05, kl. 19.30 Sekretær :Marie |