
"For så høyt har Gud elsket verden, at han gav sin Sønn den enbårne, slik at hver den som tror på han ikke skal gå fortapt, men ha evig liv."
- Joh. 3,16
| 18.07.2005 | 2005: Styremøte hos Runar 10.01 | av
Øyvind Vagle |
| Referat frå styremøte i Varhaug Kristelige Ungdomslag. |
10.01.05
Stad: Runar
Møtte: Magnus, Olufine, Bjørn Emil, Oddmund, Marie, Karl , Tone Iren, Runar
Sakliste:
Sak 01-05 Gjennomgang og godkjenning av referat - Referatet vart godkjent med ein liten forandring.
Sak 02-05 Tilbakeblikk og framsyn - 26.12 2.dagsfesten - Ca. 60 stk. Jan Erik Vagle talte godt om Jabes bønn. Standard program med møte, juletregang, underholdning, mat og mandariner. - 31.12 Nyttårsfesten - Ca. 120 stk. Middagen gjekk fint føre seg. Dei vaksne som var på kjøkkenet sa at dei kunne ta serveringa i tillegg til å vera på kjøkkenet, til neste år. Ca 70 stk var på bønne og vitnemøte → veldig bra. Underholdninga var god. Det var bra at den var delt opp i to deler, slik at me får litt variasjon. Me er derimot ikkje fornøgde med måten rakettskytinga gjekk føre seg. Det var ganske kaos med rakettkrig og diverse etter at me hadde vore i kyrkja. Fleire av dei som deltok på festen til ungdomslaget vart truffet av rakettar. Pga. dette har me i styret bestemt at til neste år skal me reisa vekk til ein annan plass for å skyte opp rakettane. I tillegg hadde me litt problemer med ungdomslaget sine rakettar. Det førte til at ein person vart skada. Det vart lagt fram forslag om å dela pynte og rydde-komiteèn i to komiteèr til neste år. - 01.01 Åbe hus - Ca. 55 stk. Åpent på loftet. Kort møtedel midt på kvelden, der Kristi Håland hadde andakt. Heilt grei kveld med forholdsvis mykje folk. - 04-09.01 Møteveke med ungdomslaget - Kom litt brått på, og var derfor litt dårlig annonsert. Godt oppmøte kvar kveld, både av ungdommane og av dei eldre. Ca. 50-60 umgdommar i snitt kvar kveld. Ståle Handeland var talar. Han talte om omvendelse og tjeneste. Han var flink, men hadde ganske lange talar eit par kveldar. Sangen og musikken var bra kvar kveld. I løpet av veka var det bare eit kor som sang (ungdomskoret). Bjerkheim ungdomskor skulle ha sunge på lørdagen, men kom ikkje grunna dårlig vèr. Neste gong me skal ha møteveke må me prøve å skaffe fleire kor. Alt i alt er me godt fornøyde med møteveka, og det er positivt at så mange vil stilla opp og hjelpa når me spør dei. Framsyn - 15.01 Asbjørns kveld - det vert bare vanlig ungdomslag sidan Asbjørn ikkje kunne koma. - 22.01 Matkveld (møteveke med NLM) - Magnus har ansvaret. Han høyrer med NLM korleis dei har tenkt at kvelden skal vera. - 29.01 Dessertkveld (møteveke med NLM) - Marie har ansvaret. Ho høyrer også med NLM om korleis dei vil ha det.
Sak 03-05 Kort orientering Økonomi: Laget har 60 000 kr på høgrentekonto og 30 000 kr på brukskonto. Petra: Oppgjeret etter konserten nærmar seg slutt. Me ligg på ca 50 000 i minus (dvs. heile beløpet på gjevarkontoen). Komiteèn har ikkje avgjort om det skal arrangerast Petra konsert til hausten. Ski-weekend: På Stavtjørn er det 55 soveplasser. Dersom me vert fleire må me ordne oss med speidertelt i tillegg. Bindande påmelding til Bente. Ved påmelding betales eit depositum på 200kr. Turen koster totalt 400 kr for medl. og 500kr for ikkje-medl.
Sak 04-05 Semesterprogram Me fordelte ansvaret for alle kveldane på semesterprogrammet.
Sak 05-05 Diverse - Karl spør Ingeborg og Ruth & co, om dei vil vera med og ha ei matgruppe ut semesteret. - Me i styret har ikkje taushetsplikt overfor det som vert sagt på styremøta, men me må passe på kva me seier. Det er ikkje bra dersom uenigheter innad i styret vert snakka om på bygda. Alle må passe på seg sjølv, med tanke på at me skal arbeida til beste for laget. - Ungdomslaget skal ilag med alle dei fire org. på misjonshuset arrangera eit nådegavekurs som heiter ”Som hånd i hanske”, 5.-6. mars. Ungdomslaget tar seg seg av økonomien. Me betaler kurset for alle som er medlemmer i ungdomslaget. Resten av utgiftene til kurset, satser me på å dele med dei fire organisasjonane på misjonshuset. Marie er representant frå ungdomslaget i komiteèn som arrangerer dette kurset. - Det er kome ønske frå fleire av medlemmane i ungdomslaget om å arrangera Rudi-konsert. Me kan ikkje avgjera noko ennå. Me må først sjå om det vert ny Petra-konsert til hausten. - Sidan me har ein del ting i styret som må gjerast ganske fort, så vert det styremøte om to veker. Det vert på misjonshuset, og Magnus skal lære alle i styret korleis me styrer prosjektoren og korleis me rigger til dersom me skal bruke mikrofon på møte. I tillegg skal me ha tilbakemeldings-kveld, der alle i styret skal gje direkte tilbakemeldinger til kvarandre.
Neste styremøte vert på misjonshuset, mandag 24.01.05, kl. 19.30 Sekretær :Marie |