
"Ditt ord er en lykt for min fot, og et lys på min sti."
- Sal 119,105
| 18.07.2005 | 2004: Styremøte hos Olufine 20.12 | av
Øyvind Vagle |
| Referat frå styremøte i Varhaug Kristelige Ungdomslag. |
20.12.04
Stad: Olufine
Møtte: Magnus, Olufine, Bjørn Emil, Oddmund, Marie, Karl , Tone Iren
Møtte ikkje: Bente og Runar
Sakliste:
Sak 73-04 Gjennomgang og godkjenning av referat - Referatet vart godkjent.
Sak 74-04 Tilbakeblikk og framsyn - 27.11 Bønne og vitnemøte - Ca. 40 stk. Ivar si bibelgr hadde ansvaret. Bra andakt av Tom Oseberg. Bra speling og sanger. Det var lurt å dela folka opp i grupper under vitnedelen, for då var det fleire som vågde seia noko. - 04.12 Ungdomsgudsteneste - Først var det ein gilde konsert med Koridè kl. 20, og deretter var det gudsteneste med nattverd og forbønn, kl.22. Det var ein kjekk kveld. - 11.12 Rånekveld - Ca. 75 stk. Me rånte til løa på Mattingsdal. Asgeir talte bra, om glede. Pølse, hamburger, kaffi og kakao etterpå. Det er positivt at me kan blanda både ein møtedel og underholdning på denne måten. - 18.12 Grøtfest - Ca. 50 stk. Bra andakt av Oddmund Håland. Oppsummering av gruppearbeidet frå 13.11. God grøt etterpå (Husk til neste gong at me kan få gratis tankmelk)
Sak 75-04 Kort orientering Vakum: Det kjem stadig fleire på vakum, og det fungerer bra. 2.dags festen: Astrid har kontroll. Jan Erik Vagle skal ha andakt. Musikk: Foreløpig har me ingen løysning på ”piano-problemet” vårt. Me prøver å tenka ut ei mulig løysning til neste gong. Alle i styret skal på ”kurs” med Magnus for å lære korleis me bruker prosjektoren og kva me skal gjera dersom me skal bruka mikrofon på møta. Økonomi: Alt av ungdomslaget sine penger må leverast til Runar før nyttår. Internett: Eirik Aarsland skal driva web-sida vår ifrå nyttår av. Petra: 40 pizzaer frå konserten er fortsatt i frysa. Me satser på å bruke dei i løpet av møteveka til ungdomslaget. Me veit ikkje endå korleis det har gått med økonomien etter konserten, men det ser ut til at me går ca. 10 000- 20 000 i minus.Dette er det gjevarane til konserten som taper, og ikkje ungdomslaget. Petra har spurt om dei får kome tilbake til Varhaug i August 2005, då dei skal på Europaturnè. Petra-komiteèn har diskutert saken, og er ikkje heilt enige om kva dei vil gjera. Alle i komiteèn kan vera med å arrangera konserten dersom det vert aktuelt. Nokre av dei har sagt frå at dei ikkje vil ha så mykje ansvar som dei hadde den første gongen. Ungdomslaget bestemmer at det er komiteèn som må avgjera om dei vil arrangera ein konsert til. Dei får i tilfelle tilgang til kontoen som har vorte brukt til konserten som vart arrangert dette året. Nyttår: Alt er under kontroll, untatt folk til å leda kvelden. Me ville ikkje bruka den nye møtesalen til underholdninga, pga husstyret er redd for flisene på golvet. Underholdninga vert derfor oppe i ungdomssalen. Oddmund pluss ein frå husstyret skal godkjenne underholdninga før den kan brukast.
Sak 76-04 Semesterprogram Me sette opp kva kveldar me skal ha mat og underholdning. I tillegg fordelte me nokre av kveldane på semesterprogrammet. Sjå vedlegg!
Neste styremøte vert hjå Runar, mandag 10.01.05, kl. 19.30 Sekretær :Marie |