
| 18.07.2005 | 2004: Styremøte hos Marie 23.08 | av
Øyvind Vagle |
| Referat frå styremøte i Varhaug Kristelige Ungdomslag. |
23.08.04
Stad: Marie
Møtte: Tone Iren, Marie, Karl, Magnus, Olufine, Bjørn Emil, Oddmund og Runar
Møtte ikkje: Bente
Sakliste:
Sak 51-04 Gjennomgang og godkjenning av referat - Referatet vart godkjent
Sak 52-04 Tilbakeblikk og framsyn - 31.07 Team-building - Vart ikkje team-building grunna pris. Bente og Olufine hadde møte på stranda. Ca. 20stk. Tale av Mari og Njål. Volleyball og grilling. - 07.08 Vannski - Me sto på vannski i Lima-vatnet. Ingen talar, men Magnus leste eit andaktsstykke. Ca. 25-30stk. Grilling. - 14-15.08 Overnattingstur - Roverlaget arrangerte turen som gjekk til Ogna/Brusand ved stranda. Rut hadde andakt. 10stk overnatta medan 30stk var innom i løpet av kvelden. Grilling og Bading. Ungd.laget måtte betala 20kr per pers til campingplassen slik at vi fekk låne toaletta. (Fekk nøkkel til toaletta) - 21.08 Rugby - Grunna dårlig ver var me inne i maskinhuset på Auestad og hadde vanlig møte. Mangla andakt, men hadde frie vitnesbyrd og god sang med Ivar på gitar. Grilling. Framsyn - 28.08 Semesteropning - Eige punkt lenger nede. - 04.09 Bilrebus - Magnus og Odmund har kontroll. - 11.09 Ungdomsgudsteneste - Marie og Bente har ansvaret. Planleggingsmøte med presten tysdag 24.08 kl.20.00. - 17-19.09 Menighetscup - 450kr, 400kr for medlemmer. Me bestiller 1 buss og resten kjører i bil. Avreise kl.17.00. Me fekk flytta påmeldingsfristen til 4/5 sept (eigentleg 1.sept). Påmelding til Bente innan 4.sept. - 25.09 Jentekveld - Marie og Olufine har opplegget klart.
Sak 53-04 Kort orientering - Me har fått godkjent treningstid på ungdomsskulen annakvar fredag kl. 19.00-21.00. Marie har ansvaret for å starte opp Vakum. Marie, Magnus og Oddmund kan vera med som ledarar, og i tillegg spør Marie om Andre vil vera med. - Magnus har bestilt t-skjortene. Dei vert ikkje klar til semesteropninga, men forhåpentligvis til menighetscupen. - Øystein legg ut ”annonse” om ”ledig stilling” som web-ansvarlig for ungdomslaget, på internett.
Sak 54-04 Semesteropning - Det skal verta informert om dei forskjellige tilbuda me har i ungdomslaget: ● Ivar og Tor Jarle → bibelgruppene ● Tor Jarle → bønnegruppa ● Tor Jarle → dramagruppa ● Marie → vakum ● Tone Iren → prosjektet ● Lillian → koret ● Ivar → samlingskveld ● Øystein → Internett ● Karl → matgr. - I tillegg skal me dele ut eit aktivitetsskjema der kvar enkelt kan kryssa av dersom det er noko dei kan tenka seg å vera med på. - Me får sponsa pizza denne kvelden av ein anonym givar. - Magnus og Karl har ansvar for underholdning.
Sak 55-04 Styretur - Turen til Evje vert avlyst sidan det er så få som kan vera med. Me legg det på is og ser heller om me kan gjera noko anna utover hausten.
Sak 56-04 Diverse - Trygve skal ha same matgruppe som i fjor. I tillegg prøver me å få til ei jentegruppe. - Semesterprogramma skal kopierast opp i 150 eksemplarer og internett-adr skal stå på programma. Dei skal vera klar til semesteropninga. - Bønnemøta før ungd.laget har vorte mykje gløymt det siste året. Ifrå nå av skal det vera bønnemøte kvar lørdag kl.19.30. Dersom møteansvarlig ikkje vil ta ansvaret for bønnemøtet kan han/ho ringa til enten Bjørn Emil, Oddmund eller Marie.
Neste styremøte vert 20.09.04 kl.19.30 hjå Karl
Sekretær: Marie |