
"Selv når du sier at du ikke ser ham, så ser han nok din sak, og du må vente på ham."
- Job 35,14
| 18.07.2005 | 2004: Styremøte hos Bjørn Emil 12.07 | av
Øyvind Vagle |
| Referat frå styremøte i Varhaug Kristelige Ungdomslag. |
12.07.04
Stad: Bjørn Emil
Møtte: Bjørn Emil, Karl, Marie, Magnus, Oddmund, Olufine og Runar
Møtte ikkje: Tone Iren og Bente
Sakliste:
Sak 36-04 Gjennomgang og godkjenning av referat - Referatet vart godkjent
Sak 37-04 Tilbakeblikk og framsyn - 05.06 Prosjektkveld - Ca. 20stk. Me var i Sveineskogen. God tale av Anders Undheim. Amerikansk auksjon og grilling. Gilde kveld. - 12.06 Ungdomsgudsteneste - Ca. 40stk. Vigrestad hadde ansvaret. Tale av Roald Byberg. Problemer med ”ulyder” i prosjektor. Verka ellers som ein litt dårleg planlagd kveld. - 14.06 Olufine og Karl var på barnaskulen og inviterte 7.klasse til ungdomslaget og spesielt til formannens kveld. - 19.06 Formannens kveld - Ca. 45stk. God tale av Ove Ånestad. Underhaldning av Øystein. Formannen kom ikkje, dermed leda Tor Jarle møtet. Mangla åpning. Nokre få 7.klassinger kom. - 23.06 St.Hans Ca. 35stk. Me var på Bodle. Bra andakt av Turid Vik. Grilling, sporlek og bålbrenning til tross for dårlig ver. - 26.06 Kassastabling Ca. 45stk. Bra andakt av Mari Aarsland. Kassastablinga var veldig vellykka. Me haldt på til klokka var nesten ett, og ein av dei nye 7.klassingane vant med heile 27 kasser! - 03.07 Rugby Ca. 10stk. Andakt av Jens Ånestad. Me var på løkka og spelte kanonball. Grilling. - 10.07 Guttakveld Ca. 20stk. Grunna dårleg ver var me ikkje ute, men reiste i staden å bowla på Bryne. (Me i styret kan verta flinkare til å fordela oss mellom dei forskjellige folka, slik at det ikkje vert for ”gjengete”) Framsyn - 17.07 Beach-volleyball - Marie og Olufine har kontroll. - 24.07 Team-building - Tone Iren og Bente har ansvar. - 31.07 Jentekveld - Alle jentene i styret har ansvaret. - 07.08 Vannski - Magnus har ordna utstyr. - 14.08-15.08 Overnattingstur Kontroll
Sak 38-04 Kort orientering - Magnus har fått priser på t-skjortene. Me bestiller prøver før me avgjer noko. I utgangspunktet satser me på svarte t-skjorter. Alle som vert medlem i ungd.laget til hausten får ei skjorte uten krage. Dei som vil kan kjøpe t-skjorte med krage.
Sak 39-04 Restituering av nytt styre - Oddmund fortset som nestformann. - Runar vert Kasserer - Olufine vert pr-sjef - Marie vert sekretær - Karl vert mat og underholdnings-ansvarlig - Magnus vert arrangement-ansvarlig - Bente, musikk-ansvarlig?
Sak 40-04 Mål og visjon - Enighet om at ungdomslaget hovudsaklig skal vera ein plass for ungdom mellom 13 og 25 år. - Det er viktig å satse på dei nye og yngste. For å gjera dette kan me arrangera gilde kveldar med forskjellige aktivitetar. For å trekke meir folk vil me kalle kvelden for den aktiviteten som skal foregå, t.d ”kassastabling”. Det kan også vera lurt å skaffe talarar utanfrå. I ungd.laget fungerer eldre og yngre godt saman, positivt. - Det neste året i ungd.laget vil me arbeide spesielt med planlegging av dei vanlige møta, slik at dei vert gode møter. Det kan vera lurt å variere programmet slik at møta ikkje vert så forutsigbare (t.d. drama eller underholdning). I tillegg bør me kjøre nokre ”høgkvalitets” kveldar i semesteret, der me planlegg ekstra godt og får ein bra kveld. - Me vil også arbeida for å redusera det enspora miljøet som er på ungdomslaget. Me i styret bør vera obs på dette, og prøva å forbetra det og verta flinkare til å blande oss med dei forskjellige folka. - I år satser me på å få 50 medlemmer. - Kveldar som me vil arrangera: Rånekveld, bilrebus, storkveld, bibeltimer med Holger, playstation-kveld, 2 bønne og vitne-møter kvart halvår?. - Fordelinga mellom møte og underhaldning vert lik som i fjor; 70-30 - Dette året vil me satsa mykje på å få flest mulig med i bibelgruppene. Gjennom året vil me også utfordra dei forskjellige bibelgruppene til å ha ansvaret for møter på ungd.laget. - Få til ein ”gamling”kveld der t.d. Gordon har opplegget. Kanskje skaffa ungd.laget ein ”vaksen”-kontakt som kan hjelpa oss med idear til kva me kan gjera på ungd.laget framover. - Me vil satse på å spela musikk etter møta, det skaper god stemning, og i tillegg slepp me å høyra på klunkinga på pianoet. - Me vil satse på å få til blandingskveldar der folka i ungd.laget vert blanda på tvers av gjengane og må samarbeide (t.d. team-building, bilrebus).
Sak 41-04 Haustens semesterprogram - Utsatt til neste styremøte
Sak 42-04 Tur med styret - Me satser på rafting på Evje 27.-28. aug.
Sak 43-04 Diverse - Grillen er fremdeles ikkje ferdig. - Bjørn Emil har det travelt i sommar med å bygge grishus, derfor har han ikkje vore så mykje på ungd.laget i sommar. Han kjem sterkare tilbake til hausten.
Neste styremøte vert måndag 26.07, kl.19.30 hjå Oddmund.
Sekretær: Marie
|