
"Alle har syndet og står uten ære for Gud."
- Rom. 3,23
| 06.12.2005 | NEI til religion, JA til Jesus! | av
Øyvind Vagle |
| Kæ æ dette for noge greie? |
Nei til religion, Ja til Jesus. Å vera kristen er ingen religion men eit forhold til ein levande person. Hæææ? Korleis kan eg seia noko sånt? Sjekk ut dette: I ein religion er ein nødt til å utføre visse handlingar/gjerninger for å oppnå noko spesielt feks frelse. Ein må gjera seg fortjent til "premien". Ein må prestere, gjere sitt beste, og dei som ikkje klarer det vert straffa på ein eller anna måte, feks ved helvete (islam) eller ved ein lågare kaste (hinduismen). Nettopp denne tankegangen er det så mange som også har overført til det å vera kristen. Men faktisk så er "spelereglane" for det å vera kristen heilt motsatt av det som kjenneteiknar ein religion. - Ein kan aldri gjera seg fortjent til frelse. Kristne treng ikkje be fem gonger til dagen eller ete bare grønnsaker. Ein kan aldri oppnå frelse på eigenhand, fordi "av nåde er de frelste ved tru, det er ikkje dykkar eige verk så ingen skal rosa seg." (Ef. 2,8) Ein treng berre tru. Fortida har ingenting å seia så lenge ein er frelst, fordi då er ein ein tilgjeven syndar. (REVOLUSJONERANDE) Religionstenkninga heng igjen hos mange kristne ennå. Men om du går i kyrkja kvar søndag eller om du bare går på julaften, så har det ingenting å seia for om du kjem til himmelen eller ikkje. Hmm...då kan eg jo bara leva eit heilt vilt liv samtidig som eg trur, så er alt i orden? NEI, fordi: i bibelen står det at ei tru utan gjerninger er ei død tru (Jak. 2,17). Og ein anna plass står det at me ikkje bare må vera ordets hører men også ordets gjører, så me ikkje dårar oss sjølve (Jak. 1,22). MEN, då må ein plutseleg gjera noko alikevel, er ikkje dette sjølvmotsigande? NEI, fordi: det er i bunn og grunn bare trua som kan frelse. Men gjerningar kjem som eit resultat av trua. Går det an å TRU på Jesus utan at det får konsekvensar for livet og levemåten? Eg trur ikkje det. Med munnen bekjenner ein og med hjertet trur ein. Det går an å bekjenne trua med munnen utan at ein trur i hjertet. Men, Gud ser til hjertet ditt. Det er viktig at trua ikkje bare sit i hovudet, men at den synker ned i hjertet og slår rot. Ein som trur i hjertet sitt er IKKJE perfekt, men ein som trur i hjertet sitt er ein som ønsker å leva etter Guds vilje. MEN, her må me kristne passe oss, fordi me er eksperter på å dømme andres oppførsel og levemåte. Me ser raskt flisa i andres auge, men bjelken i vårt eiget vert me ikkje vàr. "For dersom du med din munn bekjenner at Jesus er Herre, og i ditt hjerte tror at Gud oppreiste han fra de døde, da skal du bli frelst. For med hjertet tror en til rettferdighet og med munnen bekjenner en til frelse." (Rom. 10, 9-10)
|