|
Eg har tenkt ein del på dette verset:
"Dere er jordens salt. Men om saltet misser sin kraft, hva skal det da saltes med? Det duger ikke lenger til noe, uten å kastes ut og tråkkes ned av menneskene."
Matt. 5,13
Me som er kristne er jo jordas salt. Men kva betyr det? Kva er saltet sin funksjon? Slik eg ser det så har saltet iallefall to funksjoner:
1. Det vert brukt for å forhindre forråtnelse i mat
2. Det vert brukt for å gje maten smak
Og slik eg ser det, så betyr vel det at me kristne skal forhindre forråtnelse og gje smak. Men korleis gjer me det? Eg trur at me som er kristne skal ha ein livsførsel som er annerledes enn verdens livsførsel. Me skal leve etter Jesu ord, og dersom me gjer det så vil me automatisk vera med på å forhindre forråtnelse i verda. Og er det noko som virkeleg trengs for tida, så er det nettopp det. Me ser kvar dag på nyhetene om krig, kriminalitet, bombing, drap, fattigdom ,sult osv. Me som er kristne vert ikkje "arbeidsledige" med det første!
MEN, saltet gjer ingen nytte så lenge det er i saltbøssa! Det må ut av saltbøssa, og i maten. Slik er det også med oss kristne. Eg har tenkt litt på min eigen situasjon i det siste. Kanskje eg er for mykje oppi saltbøssa. Kanskje ungdomslaget, bibelgruppa, bønnegruppa og alle dei tusen andre tinga eg er med på, er mi saltbøsse?!
Selfølgeleg så er ungdomslaget, bibelgruppe og bønnegruppe veldig bra ting, som eg absolutt bør vera med på blant anna for å ha fellesskap med andre kristne og for å få påfyll. Men er det slik med meg at eg alltid er i saltbøssa, og aldri kjem meg ut av den?
"Men om saltet misser sin kraft, hva skal det da saltes med? Det duger ikke lenger til noe, uten å kastes ut og tråkkes ned av menneskene." står det i matteus 5,13.
Det Jesus seier her er virkeleg ord til ettertanke. Eg må ut av saltbøssa, og det litt raskt.
I forbindelse med det har eg også tenkt på at det er enormt viktig at me som er kristne er synlege i samfunnet vårt. Me har så lett for å tenke "å fy og fysj" om ting, utan å gjera noko med det. Me må la vår røyst høyrast! Me må løfta fram Mesterens ord, i alle saker. Samfunnet me lever i, i dag, vert stadig meir "forvrengt". Dersom ikkje me som er kristne seier ifrå at "nok er nok" eller at "slik vil me ikkje ha det", kven skal då sei ifrå? Me må ikkje sitta på gjerdet og vera tilskuarar, men tørre å seia ifrå korleis me (og Jesus) vil ha det.
ENGASJEMENT etterlyses!
|