
"Ditt ord er en lykt for min fot, og et lys på min sti."
- Sal 119,105
| 27.04.2007 | Jesaja – boka | av
Øyvind Vagle |
| Vil bare oppfordra alle til å lesa Jesaja!
Her er meir om boka(trykk på tittelen), Jesaja sjølv og litt om det som står i den. God lesning! |
Jesaja – boka Vil bare oppfordre alle til å lesa Jesaja! (kilde: studiebibelen) Kort om Jesaja, og boka.. Jesaja hadde sitt virke ca frå år 739 – 685 f.kr. På denne tida var Israel delt i to, og det var fleire kongar både i Juda og Israel under Jesaja sitt virke. Bl.a. var Hiskia konge i Juda mot slutten av Jesajas tid. I 2.kong kap 18-20 står historia om Hiskia si tid som konge. Her er også Jesaja nevnt, og noko av historia er nedskriven også hjå Jesaja. Les 2.kong 19,1ff, og Jesaja 37,1ff. Jesaja fekk, som dei andre profetane, eit tydeleg kall frå Gud. (Jes 6,1-10). Jesaja – boka er inndelt ganske tydeleg, og minner mykje om Bibelens inndeling. Det er 66 kapittel (same antal som bøker i Bibelen). Det er fire ganske tydelege deler i Jesaja – boka. Del 1 er kap 1-12, og omhandler straffetaler over Herrens folk (Israel). Del 2 er kap 13-23, som omhandlar domsord over folkeslaga rundt Israel. Del 3 er kap 24-39, Dom og nåde. Del 4 er kap 40-66, En ny tid. (kap 60-66 handlar om Det komande fredsrike, heilt i slutten ståt det om en ny himmel og en ny jord, og det nye Jerusalem.. Les for eksempel Jes 65,25) Er du observant og van med tal, legg du kanskje merke til skillet mellom kap 39 og 40, som tilsvarer skillet mellom GT og NT i Bibelen. Det er 39 bøker i GT, altså er bok nr 40 den første i NT. Messiasprofetier: Det er mange Messias - profetiar og løfter om frelse i Jesaja – boka. Her skal eg berre henvisa til nokon, slik at du kan lese og studere dei sjølv. Ikkje alle er like tydelege, og nokon krev litt bakgrunnskunnskaper for å sjåas i det rette lyset. Her kjem dei, eg skriv dei forkorta slik: (kap, vers). (7, 14), (9, 1-7), (11, 1-5), (40,1-11), (42,1-9), (49,15-16), (52,13 – 53,12), (55,1-11), (59,1-3), 61,1-9). Her er både fleire kjende skriftstader, lite kjende Messias – profetiar, andre frelsesløfter og bud om omvendelse, bekjennelse. Kvifor skal me omvenda oss? 1 Joh 1,9 Dersom vi bekjenner våre synder, er han trofast og rettferdig, så han forlater oss syndene og renser oss fra all urettferdighet. Dette er det enkle, men vanskelige svaret.. Gud kan ikkje lett tilgi oss om me ikkje ber han om det, det skulle vera logisk. Men er me flinke til det i det daglige? Hugsar me å gjera opp, slik at me kan få ein ny start? Kva med vår neste då, kameratar, veninner, sysken, foreldra våre? Hugsar me å få gjort opp dei tinga som ligg og gneg i samvitet vårt? Dette er den vanskelige delen av det å be om tilgjeving… Me likar ikkje så godt å gjera oss sjølv små, visa at me mislukkas. Men hugs at det er naudsynt likevel! Det ligg stor styrke i å vera svak… Matt 5,23-24 Om du da bærer fram ditt offer til alteret, og der kommer i hu at din bror har grunn til å klage på deg, da la ditt offer ligge der foran alteret, og gå først bort og forlik deg med din bror. Kom så og bær fram ditt offer! Her er poenget at når me vil gjera opp med Gud, men har uoppgjorte ting med våre medmenneske, då må me ordna opp det først. Ting som ligg gøymt i oss slik kan stenge for det Gud har å gje oss, og det ynskjer jo ikkje Gud. Gud vil ha den fulle og heile førsteplassen i ditt liv, slik at du kan motta alle hans gåver. Les Jes 66,1-2, og sjå kor stor Gud er.. Skulle me ikkje ha den største respekt for han? ”Jorden er en skammel for mine føtter”… Ha ein velsigna dag, ta deg tid til å lesa Bibelen! |